Føreord "Uten trygghet er vi sjanseløse" av Trond F. Aarre
Publisert 19. november 2024
I fyrste delen av denne boka fortel elleve unge menneske om vanskane dei har hatt i liva sine, og korleis dei har opplevd tiltaka som skulle vere til hjelp for dei. Det er forstemmande lesnad. Tenester som skulle vere god hjelp, har blitt opplevd som det motsette. Unge menneske som trong å bli høyrd på og forstått, har kjent at vaksne ikkje var opptekne av kvifor dei hadde det så vanskeleg. Dei vaksne var heller ikkje alltid interesserte i å høyre deia syn på kva som kunne vere til hjelp.
Forteljingane er naturlegvis einsidige, slik alle truverdige forteljingar er. Forfattarane er ikkje ute etter objektive, kalde fakta. Dei vi vise oss tenestene frå sitt perspektiv, og dei veit godt at det også finst andre måtar å sjå dette på. Dei forstår at det kan vere vanskeleg å hjelpe, og at lovverk og organisering set grenser for kva det er råd å få til. Men noko som går att i mange av forteljingane, er at dei ikkje heilt kjem til orde og ikkje får den hjelpa dei treng til å kjenne seg trygge.
Sitata frå journalar og rapportar viser oss kor stor avstand det kan vere mellom det fagfolk er opptekne av, og det ungdommane opplever. Uansett om fagfolka har rett ut frå sine perspektiv, kan ikkje opplevingane til dei unge vere utan interesse. Tiltak som vert opplevde som unyttige, er sjeldan til stor hjelp. Opplevingane, av fortid og notid, av relasjonar og tiltak, er ofte heilt sentrale for å forstå kva problema dreier seg om. Desse opplevingane må me kjenne til, også når dei høver dårleg med tenestene si forståing av seg sjølve. Kjennskap til korleis tilboda vert opplevde av dei som skal bruke dei, er umisseleg kunnskap for dei som ynskjer å forbetre og utvikle tenestene.
I andre delen av boka oppsummerer dei unge vanskar ein kan oppleve i møte med systema. Dette byggjer på deira eigne røynsler, men også på resultat frå undersøkingar som Forandringsfabrikken har gjort, der fleire tusen barn og unge i offentlege tenester har vore med. Til sist kjem det som kan vere det viktigaste i denne boka: oppmodinga om å lære av dei røynslene dei unge har hatt, og framlegg til løysingar. Dei vil hjelpe tenestene til å møte ungdom som kjem etter dei, på måtar som dei sjølve skulle ynske dei hadde blitt møtte på. Dei bed om ei anna form for profesjonalitet enn den dei sjølve møtte.
Dei elleve unge fortener difor honnør og takk for at dei vil dele opplevingane sine med oss. Det er prisverdig at dei ikkje nøyer seg med å peike på det som ikkje fungerer så godt, men også kjem med framlegg til korleis ting kan bli betre. Slik eg forstår dei, er dei ikkje opptekne av å få hemn eller oppreising, men vil gjere det dei kan for at tilboda blir betre for dei som kjem etter dei. For å oppnå det må dei sjølve forklåre korleis ting heng saman. Dei må sjølve få skildre det dei har vore utsette for, korleis dei vart møtte, og kva som skal til for å få det betre.
Dei fleste ungdommane står fram som forfattarar med namn og bilete. Dette har vore kvar einskild sitt val. Eg kan forsikre lesaren om at dei veit kva dei gjer. Dei fleste har vore aktive i Forandringsfabrikken sitt arbeid for å formidle synspunkt frå barn og unge på korleis skule, barnevern, politi og helsetenester fungerer for dei. Fleire av dei kjenner eg personleg gjennom mangeårig samarbeid med Forandringsfabrikken. Den einskilde forfattaren eller dei føresette har gjort det vedkomande meinte var best, utan at andre har påverka valet. Vi må tru at dei sjølve veit kva som er best for dei.
Forandringsfabrikken har dei siste 20 åra gjort eit pionerarbeid ved å samle røynsler frå unge sin kontakt med offentlege tenester. Det er få land som kan vise til noko tilsvarande. For tida er eg styremedlem i Forandringsfabrikken og har eit særleg ansvar for å sjå til at det er trygt for barn og unge å delta i Forandringsfabrikken sine mange aktivitetar. Eg kjenner rutinane og arbeidet organisasjonen gjer for at det skal vere trygt å delta. Dei unge som står fram med namn og bilete, veit kva det inneber. Dei meiner at det er dei sjølve som lyt ta dette valet. Eg er samd i det.
Eg er sjølv kritisk til mange av medieoppslaga der meir eller mindre kjende personar «står fram» med plager dei har. Denne boka dreier seg om noko anna og viktigare. Dei elleve unge forfattarane ynskjer ikkje mest av alt å få merksemd eller sympati frå andre. Dei er ikkje ute etter å «gi sykdommen et ansikt» eller styrke medvitet om det eine eller andre problemet dei sjølve har stridd med. Slik eg forstår det, presenterer dei seg med namn og bilete fordi anonymitet ikkje tener saka deira. Dei vil heller vere individ – levande menneske med eigen identitet, med kvar sine verdiar og preferansar, kvar si personlege soge og kvar sine vanskar. I møtet med hjelpeapparatet har dei i større grad opplevd at dei har blitt sett på som representantar for ei gruppe menneske, enn som individ med unike, personlege soger.
Eg vonar du som les boka, vil vere open for forfattarane sine opplevingar. Dei bør vere til ettertanke for alle som arbeider i hjelpeapparatet, og dei som har ansvar for å styre tenestene. Opplevingane tyder på at ein med fordel kan tenkje litt annleis om tenestene og om dei som tenestene, skal vere til hjelp for. Det verkar openbert at måten som dei unge vert møtte på, ikkje alltid fungerer slik det var tenkt.
Dette er ei utfordring for oss alle. Forfattarane skal ha ros for å gjere sitt for at studentar, fagfolk, leiarar og styresmakter kan sjå at mykje må endrast. Men sjølv om mykje i denne boka kan verke negativt, lyt eg minne om at me lever i ei god tid – og omsider tek omsyn til kva brukarane av tenestene meiner. Det er berre slik me kan endre tilboda til det betre. Då må det kome fram kva røynsler folk har. Det må også gjelde dei som er unge og difor ikkje alltid har blitt lytta til av oss som meiner me er eldre og klokare. Dette er ei viktig bok som viser både korleis tenestene kan verke inn på barn og unge, og korleis dei kan bli betre.
Les Arcs-sur-Argens, mai 2024
Trond F. Aarre,
spesialist i psykiatri og rus- og avhengnadsmedisin
Se, bla i og kjøp boka her:
https://www.universitetsforlaget.no/uten-trygghet-er-vi-sjanselose-1

Trond F. Aarre sammen med fem av bokas elleve forfattere
